mandag 8. februar 2010

Omskriving frå hovudmål til nynorsk

Eg har omskrivi eit tidligare blogginnlegg frå hovudmål til nynorsk. Det er kun to avsnitt frå det opprinnelege blogginnlegget. Du kan finne det her.

Kvifor er språket så viktig for menneske? Språk er kultur, språk definerer kven vi er, språk gir oss kjenneteikn, språk gir andre menneske fordommar, språk kan villeie oss, språk kan knyte oss saman, språk lærer vi av. Derfor er språk viktig for alle element av det å vere et menneske. Vi bruker alle språket på forskjellig måtar og eg skal nå snakke litt om definisjonen på bloggspråk.

Med definisjonen på bloggspråk, meiner eg så klart min eiga oppfatning av språket som blir brukt i blogging. Dette har som det meste anna med språk å gjere, svært stor variasjon. Vi kan finne bloggar som er profesjonelt laga og nesten likner på ein hemmeside. Dette er for eksempel ein blogg som representerer eit selskap eller ein bedrift og dei bruker blogging for å marknadsføre seg sjølv og nå ut til ein større kundegruppe. Disse typar bloggene bruker eit språk som er særs grammatisk riktig. Dei skal virke profesjonelle, men mange andre vil heller ha ein munnlig tone i språket for å gjere bloggen mindre formell. Eit eksempel på ein slik blogg er bloggen til motemagasinet ELLE.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar