søndag 30. august 2009

Are Kalvø


Are Kalvø
Fredag 28 august fekk Sandvika VGS besøk av forfattaren og komikaren Are Kalvø. Eg personleg hadde aldri høyrt om denne mannen, men det var ein del som sa at han var nokså morosam. Vi skulle sjå på foredraget/showet hans i samband med norsk faget, og det er eigentleg av same grunn eg skriv dette innlegget.


Are Kalvø debuterte med boka Absolutt Oslo i 1994 og etter det skrevet 10 bøker i alt. Han skrivar på nynorsk. Da han var på besøk på skolen leste han noen korte utdrag frå et par av bøkene hans. Når eg høyrde dei utdraga han leste verka det som han skriv veldig lett, med nokså korte setningar. Han skriv også med ein god del humor og ironi.

Eg fekk inntrykk av at denne mannen var veldig morosam da han først gjekk opp på scenen. Han var sikker på seg sjølv og verka vann med å stå på ei scene. Noko som gjorde at eg ikkje klarte å følgje med på alt han sa var at han prata veldig fort og nokon gonger mumla han. Mikrofonen var også nokså dårleg så lyden var ikkje på topp. Men dei gongene eg fekk med meg kva Kalvø sa, da syntest eg det var morosamt. Han var flink til å prate og han var flink til å underhalde. Men som sagt, eg trur det var mange som ikkje klarte å følgje med på alt han sa på grunn av dårleg lyd forhold.

Eg syntest det var mest morosamt da han på slutten av showet skulle etterlikne kjende norske personar. Det trur eg resten av elevane i salen også syntest, for da måtte plutseleg alle bruke lattermusklane.

1 kommentar:

  1. Bra melding, Maria. Det var hyggeleg at du likte showet. Nynorsken har du snart full kontroll over - kanskje du også får ein pris ein dag, slik som Kalvø sa?

    SvarSlett